Hopp til innhold Gå til søk Gå til navigasjon

Gratis frakt over 1500*, lynrask levering og enkel retur!

Fri frakt over 1500*, lynrask levering, enkel retur!

Hvordan trene mot fjelløp i en unormal tid?


Tekst: Malene Blikken Haukøy / Foto: Håvard Nesbø

Me er inne i ei tid heilt utanom det vanlege. Aldri før har heile samfunnet vert snudd slik på hovudet, og viktige og mindre viktige samfunnsinstitusjonar er sett på pause. Blant dei mindre viktige delane kjem idrett og konkurransar. Korleis gripe den kommande springesommaren? 

Uvande tider

Covid-19 sette ein stoppar for konkurransane denne vinteren, og kan påverk den kommande sommaren. Internasjonale fjelløp er allereie sett på vent, og elles blir me anbefalt å halde oss unna ekstreme prosjekter. Idrett og sport er ikkje det viktigaste i samfunnet no om dagen. I årevis har randoneè og fjelløp verka som det viktigaste i verda for min del. Dagane, vekene og året vert planlagt og styrt med tanke på trening og konkurransar. No verkar fjell og natur ubetydeleg. 

Første og siste konkurranse i randoneè denne vinteren. Her frå Transcavallo 1 times kjøring frå Venezia. 2 veker før Covid-19 braut ut. Foto: Harald Wisthaler

Eg trur likevel at det er viktig å ikkje gløyme denne hobbyen som for så mange er verdifull. Sjå for seg at alt dette er midlertidig, og at kvardagen om ikkje så lenge går tilbake til det vante. I ei tid kor sosialisering og arrangement er forbode treng me gjerne noko som held stemninga oppe og gleda på plass! For meg er trening og fjell nøkkelen.

Eg er overtydd om at frisk fjelluft gjer godt i desse dagar, samt litt fart og spenning! Foto: Håvard Nesbø

Eg ser vertfall for meg å kunne putte startnummeret på brystet mot slutten av sommaren. Det er godt mogleg at dei store internasjonale løpa vert avlyste, men løp her heime i Noreg er det håp for! Me treng alle store og mindre mål her i livet. Ting å sjå fram imot, eller ting som pressar ein til å gjere den jobben som må til. 

Foto: Phillip Reiter

Tenk Norge denne sommaren!

Allereie no i April vert me anbefalte å halde oss innafor landegrensene dei kommande månadane. Eg tenkjer at dette ikkje er noko stor hindring for oss som bur i kanskje verdas vakraste land med moglegheiter bak kvar ein knaus. Kvifor ikkje setje seg spennande mål her heime no som verda er i unntakstilstandar? Sjølv ser eg for meg mellom anna Stranda Fjord Trail Race i byrjinga av August og Oppdal Fjellmaraton mot slutten av August! 

Elles er det eit hav av stigar og fjell som enda ikkje er oppdaga for min del. Til dømes kunne eg tenkt meg å utforska området kring Tafjord på Sunnmøre eller teke turen nordover ein sommar kor me kanskje slepp unna den verste «turistrushet». Trollheimen byr på høgfjell og kulturlandskap, medan Hedemarken har endelause stigar omringa av trolsk barskog . Moglegheitene er mange! 

Finn deg prosjekt som ein del av treninga!

Særskild langturane likar eg å gjere til mindre eller større prosjekt. Anten det er å oppdage nye stigar eller setje personleg rekord på ei velkjend runde. Om eg har periodar med mykje mengde opplever eg å bli lei av å mate på med timar. Eg prøver difor å gjere turen så spennande som mogleg gjennom variasjon og eventyr. Langturen er ein ypparleg moglegheit for reise på oppdagelsesferd!  

Hurrungane er mekka for alpine eventyr, og eit av mine favorittområder!

Aldri for mykje variasjon!

Eg vil ikkje sei eg kjenner mykje til alderdom og belastning, men eg merkar at kroppen set pris på variert trening, særskild i periodar med mykje mengde. Løping er truleg noko av det tøffaste du kan utsetje kroppen for, og mange faktorar kan påverke om kroppen tålar belastninga eller ei. Utstyr, fysiologi, mengde, underlag …