SKIMO i Europa
Tekst: Trym Lødøen
Årets tur til Europa og internasjonal konkurranse er over og eg kan sjå tilbake på tre gode veker i Italia, Sveits og Spania. Delar av denne sesongens verdenscuprenn er komprimert til tre helger på rad. Det passar oss nordmenn godt, slik at vi slepp å reise opp og ned til kvar verdenscup periode.
Første renn gjekk føre seg i Morgins i Sveits. Etter å ha fått testa forma mot sjølvaste Kilian Jornet under norgescuprenn i Trondheim, følte eg meg i god form. Dessverre vart det stang ut for meg i Sveits og ingen plasseringar som er noko å skryte av.

Turen gjekk vidare til Valtellina i Italia. Nokre dagar før rennet kom det eit etterlengta snøfall i dei ellers brune fjella i alpane. Det gjorde sitt til at nedkøyringane vart meir krevjande, noko som passa meg meget godt. Eg gjekk kanskje mitt livs løp og kom inn til seier i u20 klassa. Dette var Norges første seier i øvelsen Individuell, og var ein stor opplevelse for meg.

Turens høgdepunkt gjenstod. Vi tok fly frå Milano til Barcelona for å delta på EM i Boi Taull. Der var enda mindre snø enn forventa og renna vart dessverre lagt til kunstsnø i alpinanlegg. Eg hadde store forhåpningar til individuellen etter seieren. Løpet gjekk bra, eg hadde ein god følelse og bra fart. Etter ei stund låg eg på 3.plass og var med i kampen om bronse i EM. Mot slutten av løpet fekk eg hjerteflimmer og måtte bryte. Veldig trist at det skulle øydelegge eit så godt løp.

Vi var ein stor tropp frå Norge som reiste nedover, og kom ikkje heilt tomhendt heim igjen frå meisterskapet. Ida Waldal tok to gull, både i vertikal og i Individuell. Malin Indergård viser også sterke prestasjonar med ein 6.plass i sprint. Begge to er i u18 klassa, så det er kjekt å sjå at sporten veks i Norge og. Etter tre veker på reis, tek eg med meg gode opplevingar og motivasjon til vidare satsing.

No står fleire renn for tur heime i Norge, som Kårvatn Skimo, Dynafit Romsdal Rando og NM på Voss. Det skal og køyrast djup pudder i Sogn. Kanskje det også blir en tur til verdenscup avslutninga i Flain.