Terrengløper Malene måtte endre fokus under pandemien
Tekst: Malene Blikken Haukøy | Foto: Privat
Eg går ein mindre planlagt sommar i møte. I det legg eg at kalendaren ikkje er fullstappa med løp og reisedøgn, men open for eventyr og personlege prosjekter. Etter snart 1,5 år med Covid-19 som samfunnsplanlegger valde eg denne sommaren å legge minst mogleg planer nettopp for å unngå og risikere kansellerte løp og skjær i sjøen.
Min hovudmotivasjon knytt til trening har alltid vore eventyr og opplevingar ute i det fri. Det er difor ikkje noko stor nedtur og ikkje ha store, spennande konkurransar i siktet. Eg kjem nok til å feste startnummeret på brystet nokre gongar denne sommaren likevel, men det blir i største grad eventyr på meg!
Som lita jente la eg titt og ofte ut på løpeturar i fjellet utan mål og meining. Det var der gleda og fascinasjonen byrja sjølv utan påverknad frå SOME og andre forbilder. Telefon hadde eg aldri med, og eg prata sjeldan med andre om livet til fjells. Det var særs få andre å møte der over skoggrensa, og dei fleste ville nok kategorisert meg som særs sær om dei visste om mine skjulte interesser etter skuletid.
Trenden har forandra seg, og i dag er eg sjeldan aleine på løpetur. Det som før var ein slags gammalmannssport er i dag blitt trendy og kult. Også interessa for å konkurrere ute i norske natur og fjell er hipt. Det er kult å sjå kor mange som har løfta blikket frå rundetider og terskelfart kring friidrettsbana, til jojo-puls og upålitelege kilometertider ute i fjellet.
Det siste året har eg gjennopplevd gleda ved å oppdage og nyte fjellet slik det heile starta for min del som lita, nysgjerrig jente. Det betyr ikkje at eg fyller dagstursekken med termos og mat. Eg trur det ligg i min natur å søke fart og effektivitet når eg spring. Det er ei sann glede å føle at ein meistrar det å bevege seg fort, samt at ei stor rekkevidde byr på større områder å oppdage. Også konkurranselivet med konkrete mål og fokus appellerer til meg.
Dei siste 10 åra av livet har eg via all tid, energi og økonomi på å optimalisere kvardagen fram mot neste konkurranse. Det har vore eit eventyr og særs lærerikt og kjekt! Eg må likevel innrømme at det siste året har gjort godt på sin måte. Eg har hatt eit meir avslappa forhold til trening, og verkeleg kjent på gleda ved å "berre" trene. Dersom ei intervalløkt har vore dårleg har det prella lett av, og tyngre treningsperiodar bekymrar meg mindre enn det ville gjort dersom eg skulle prestere for omverden.
Ved inngangen på denne pandemien kor framtidsplanar brått vart snudd på hovud, konkurransar avlyste og flybillettar delvis refunderte stilte eg meg spørsmål om poenget med intervalløkter og hard jobbing. Ke var vitsen? Formen skulle jo ikkje nyttast til noko, elle? Det mest behagelige ville vert å luffa rundt i fjellet halvveges opp på intensitetsskalaen akkurat passe lenge. Svaret for min del var at gleda ved å vere i god form uavhengig av konkurransar eller ikkje trumfa min indre latskap. Det er rett og slett for tilfredsstillande å føle seg sterk, og da er det verdt 2-4 harde økter i veka!
Kartappane på mobilen har vore min beste venn dette året. Eg har nytta mykje tid på planlegging og motivere meg sjølv ved å studere løpeturar både i nærområdet og lenger unna. Sjølv rett utanfor husdøra, der eg eg trudde eg hadde sett og opplevd alt, har eg funnet nye stigar, fredfulle skogar og upåklagelege utsikter som eg ikkje visste fantes! Eg vil sei at eg i høgare grad enn tidlegare har sett pris på dei små detaljane ute i naturen.
Treningsboka det siste året er ikkje av den mest imponerande sorten, vertfall ikkje ved første augekast. Men sjølv opplev eg at den treninga som har vorte gjort har vore av god kvalitet, og diverse testløyper kring om i Sogndal fortel det same. Roen og overskotet eg har hatt til trening det siste året ser ut å ha gjort godt!
Eg trur det er viktig å brenne/engasjere seg stort dersom ein ynskjer å bli god. For meg er eventyra utan startnummer gull verdt kor eg i større grad kan lytte til kroppen. I ein kvardag med jobb kor trening ikkje lenger er alt er eg overtydd om at overskudd og glede vert enda viktigare for å halde trøkket oppe!
Pandemien har gitt meg eit nytt perspektiv på livet. Enn kor pompøst det kan høyrest ut. Me har fått tid til å roe ned, høyrt historier frå land med portforbod og null friheit. Sjølv har eg vasa fritt kring om i fjellet. Livet har for min del vore uforandra her heime. Den følelsen eg sit med her heime i Sogndal, verkeleg lukkeleg og fri, ønskjer eg å ta vare på.
Mitt mantra eller visdomsord om du vill for denne sommaren er difor å «yte saman med å nyte». La seg imponere og glede ved å trene ute i det fri, og framgang og form vil forhåpentlegvis komme som ein bonus. Eg ser fram imot å teste kroppen og den siste tidas treningsregime framover med startnummer på brystet!