Hopp til innhold Gå til søk Gå til navigasjon

Gratis frakt over 1500*, lynrask levering og enkel retur!

Fri frakt over 1500*, lynrask levering, enkel retur!

Mental styrke i idrett – Tren topplokket for bedre prestasjoner


Tekst: Malene  Blikken Haukøy

«Blod, slit og tårer» vert ofte assosiert med tøffe idrettsanstrengelsar. «No pain, no gain», eller «det er i motbakkar det går oppover». Det er ikkje nytt at idrett kostar krefter eller at tøffe tak må til for å verte betre. Men er det berre kondisjon, fysisk styrke og fart som kan verte betre? Dette er mine tankar om trening av «topplokket» og korleis styre unna negative tankar.

Som lita jente vart eg tidleg introdusert til motbakkeløp, intervalltrening og konkurransar. Eg meistra dette godt og fant glede ved gode prestasjonar og forbetringar. Etter kvart som sommaren gjekk, og eg la bak meg fleire og fleire konkurransar vart prestasjonane betre. Gode plasseringar kom enklare og motivasjonen og humøret svevde på ei rosa sky. Eg har alltid tenkt at dette eine og aleine skuldast betre fysisk form. I seinare år har eg reflektert ein del kring temaet mental styrke og det som skjer i hovudet under trening og konkurranse. Eg trur framleis at eg fysisk tok store steg ved å konkurrere, men eg trur også at den mentale styrken min, evna til å halde ut og tole smerte vart betre og betre etter kvart som eg utsette meg sjølv for tøffe anstrengelsar. Ikkje noko revolusjonerande tankar, men likevel noko eg tenker kan vere nyttig å ha med seg og ikkje minst vere bevisst på. Ved å tru at eg også mentalt kan vekse og verte sterkare føler eg at eg har fleire element å spele på i mi utvikling som idrettsutøvar. Det betyr også at det er fleire element som kan knekke meg.

Tunge bein - negative tankar - enda tyngre bein.

Den fysiske treninga snakkar me mykje om. Deler idear, les artiklar og testar ut nye tankar. Kor mykje trening må til for å springe lange fjelløp? Kor mykje hard intensitetstrening bør gjennomførast før eit maraton i fjellet? Me testar ut nye treningsteoriar, spring intervallar og er bevisste på å fylle opp karbohydratlagera etter trening. Kva så med tankane våre?

Som ved all treninsrelatert teori finnes det mykje meiningar knytt til mental trening. Det er skummelt å ha bastante meiningar, ein kan fort kan verte halshogga. Det som fungerer for meg kan vere bortkasta for andre. Det er også godt mogleg at eg ikkje har funnet den perfekte veg enda. Eg vel likevel å dele mine erfaringar på dette minefeltet av eit tema. Kanskje er det nyttig. I det kommande deler eg først og fremst eigne erfaringa og lite forskningsbasert teori!

Distrahere hovudet

Om det er ein ting som er sikkert er det at humøret og motivasjonen svingar, ofte i takt med den fysiske følelsen. Dei to heng tett saman, og den eine dreg den andre ned i tunge tider, og motsett løftar kvarandre opp når alt går vegen. Noko av det som har hjelpt meg er å prøve å skilje dei to. Eg er klar over at mjølkesyra i beina, eller uvel mage spelar inn på tankane mine. Ved å underbyggje smerta i låra ved å tenkjer på det gjer eg berre vondt verre. Utfordringa er ikkje å vite om at slike tankar trekk ein ned. Utfordringa er å bli kvitt dei.

Naturen har mange flotte element å spele på. Her frå Grossglockner Ultratrail og ein perfekt bygd stig som fanga mi merksemd.

Det hjelp lite å fortelje meg sjølv at destruktive tankar ikkje er bra for meg, og at dei må vekk. Derimot seier eg til meg sjølv: «Desse tankane har eg ikkje bruk for, men WOW, no er eg over skylaget. Noko så vakkert. Tenk at naturen kan skape noko slik!». Taktikken min å tenkje på noko anna som gler meg. Finne positive element å overdrive dei. Utsikta kan godt vere heilt ordinært, men ved å måle ein tanke om at det er vakkert, unikt og spektakulært flyttar eg også tankane mine mot noko positivt. På farten ute i fjellet er det stadig nye motiv og detaljar kring ein som kan overdrivast. Stigen framfor ein kan vere strøken og lettløpt, ein sildradne bekk beskjeden og skjønn, haustfargane med sine tilfeldige fargekombinasjonar eller småfugl som kvitra omkring. Ein skal heller ikkje undervurdere fascinasjonen av været. Sol og utsikt er sjølvsagt vakkert, men skikkeleg drittvær, gjørmete stigar og vind har også sin sjarm. Kort sagt handlar det om å legge merke til og fokusere på det som er kring ein framfor det ein sjølv slit med.

Eg legg ikkje merke til alt eg opplever langs stigen. I somme periodar ser eg for meg middagen som ventar, eller tenkjer på kvardagslege ting, men i dei periodane av løpet eller treningsøkta kor alt er på sitt mørkaste opplever eg at dei overdrivne positive tankane er nyttige. Det handlar nok enkelt og greitt om å flytte fokuset. Eg trur hjernen treng noko enkelt og konkret å sjå mot. Det skal seiast at det spesielt er under lengre løp kor intensiteten er litt lågare, at eg får nytta denne teknikken. Intervalltreninga er ofte prega av andre tankar og teknikkar for å presse kroppen.

Det er lett å gløyme sletne bein omringa av denne utsikta! Foto: Phillip Reiter

Konkrete arbeidsoppgåver

Eit anna nyttig tips er å gi seg sjølv arbeidsoppgåver. I likeheit med det eg tidlegare har skrive handlar nok dette også i stor grad om å flytte fokuset frå det som gjer vondt eller er tungt, mot noko konkret som stel merksemda. Tidlegare denne sommaren gav eg meg sjølv ein real utfordringar, eit 110 km lang fjelløp. Mykje variert terreng samt nesten 7000 vertikale høgdemeter. Grossglockner Ultratrail i Austerrike var mitt store mål denne sommaren, og eg var klar for det som møtte meg. Likevel hadde eg aldri sprunge meir enn 75km i eit strekk før, og såg på dette langløpet som ein solid styrkeprøve. Det var ingen garanti for å fullføre, men eg var optimistisk. Før start herja nervane, både av nysgjerrigheit, glede samt litt redd. For å senke skuldrene gav eg meg sjølv klare oppgåver å jobbe med undervegs.

  • Drikke kvart femtende minutt
  • Mat kvar halvtime
  • Kontrollert pusteteknikk

Dette var element eg skulle jobbe med heile vegen, og når eg hadde det som tøffast opp siste bakken av løypa minnast eg å tvinge meg sjølv til å djupe andedrag. Både fysisk og mentalt var dette nyttig for meg. Kroppen fekk meir oksygenrikt blod ut til arbeidande celler i kroppen, samt kvitta seg betre med karbondioksid. Mentalt nifokuserte eg på pusten framfor uvel mage og blytunge bein.

Også under kortare hardøkter eller intervalltrening nyttar eg denne teknikken. Eg pleier å gi meg sjølv ei arbeidsoppgåve før start. Til dømes høg frekvens og korte steg eller kontrollert pusteteknikk.

Før start herjar nervane, både av nysgjerrighet, glede og litt redsel. Foto: Phillip Reiter

Smil deg positiv

Dersom ein har sett Emelie Forsberg ute på trening eller i konkurranse vil dei fleste oppleve ho som usedvanleg smilande sjølv under tøffe anstrengelsar. Om dette er eit bevisst val eller ikkje veit eg ikkje, men forsking på hjernen viser at nettopp dette smilet kan ha ein positiv effekt på det mentale humøret. Eg skal ikkje dukke djupar inn i eit tema eg kan for lite om, men eit smil om munnen skal visst både gjere deg vakker utanpå samt positiv til sinns. Dette har eg nytta meg mykje av både i kvardagen og under trening/konkurranse. Om det er plasebo eller faktiske verkefullt tørr eg ikkje sei noko om, men om det lurer hjernen til å tenkje offensivt så funkar det for meg.

Takksam

Til slutt må me ikkje gløyme at som idrettsutøvar og eller supermosjonist er me utruleg heldige. Det er eit privilegiet me ofte gløymer. Ikkje alle kan springe eit maraton til fjelles, ikkje alle kan springe i det heile. Ein velfungerande kropp er inga sjølvfølge. I tunge tider anten det er undervegs i ei treningsøkt eller i eit løp, eller når dørstokkmila er altfor høg og lang, prøver eg å minne meg på at den livsstilen eg lever er frivillig, og den er fantastisk!