Hopp til innhold Gå til søk Gå til navigasjon

Gratis frakt over 1500*, lynrask levering og enkel retur!

Fri frakt over 1500*, lynrask levering, enkel retur!

Bonderomantikk (8b) - et legendarisk bulder på Bondesteinen i Bondeviki


Tekst: Håvard Helgesen / Foto: Vegard Byrkjeland Aasen

Bonderomantikk er lokalisert på Bondesteinen i Bondeviki, berre ein 5min køyretur frå Sogndal sentrum. Bulderet er ein klassisk test-piece som vart bestege for fyste gong av den lokale helten, Jarle Kalland i 2015.  I seinare tid er bulderet blitt bestege av Martin Mobråten og Magnus Midtbø, og no kan endeleg mitt namn òg stå på lista over bestigingar. 

Bulderet inneheld om lag 26 flytt som følgjer eit horisontalt takoverheng. Desse 26 flytta kan vidare delast inn i tre sekvensar. Den fyrste sekvensen er den tyngste og kan graderast til 8a/8a+. Vidare kjem eit lettare parti på om lag 7a, der ein kan henta seg litt inn dersom ein har overskot til dette. Til slutt kjem den siste sekvensen som inneheld «Redpoint cruxet» og kan graderast til om lag 7c+ . Til saman utgjer desse sekvensane bulderet, Bonderomantikk (8b). 



Eg hugsar då Jarle gjekk bulderet i 2015, dette var stort og inspirerande for meg som ung og ivrig klatrar, og allereie då byrja eg å drøyme om å klara bulderet sjølv ein dag. Eg måtte sjølvsagt ut og prøva monsterbulderet, men fann fort ut at eg ikkje var i nærleiken av å klara dei tunge flytta. Det var ikkje før i sommar (2019) at eg byrja å teste ordentleg ut flytta på bulderet. Til mi store overrasking, tok det få økter før eg fekk til alle flytta og linka dei saman i sekvensar. Dårlege forhold sette etter kvart ein stoppar for motivasjonen for å reisa ut og ta i.

Det var ikkje før i november at eg prøvde bulderet attende. Eg reiste på helgetur heim Sogn, hovudsakleg for å møta familie og vener. Forholda viste seg å vera fantastiske med om lag 5 grader og knusktørt vêr. Eg måtte derfor ut å prøva Bonderomantikk. Etter å ha varma opp på Sogndal klatresenter, køyrde eg ut i Bondeviki. Fyrst skulle eg berre testa starten, men enda plutseleg opp med å nesten gå bulderet etter å ha tryna med berre to harde flytt att. Eit par dagar seinare prøvde eg på ny. Denne gongen gjekk det pinadeg. For ei kjensle.

- Håvard

Trykk på bildet for større bilder