• Gratis frakt over 1500, lynrask levering og enkel retur!
Inntil 30% rabatt på klatreutstyr - Klikk her!
x
Varenr: 343143
Bøker

Toppturar i Sunnmørsalpane

449,-

10+ på nettlager
Ny utgave!
Forfatter Stig Helset og fotograf Håvard Myklebust har laget en helt ny utgave av Toppturar i Sunnmørsalpane. Boken har nå flotte detaljkart, oversiktsbilder med inntegnede ruter, mange nye turer og enda flottere bilder!

Boken viser fram det mange mener er det flotteste og mest spektakulære skiterrenget i Norge, til glede for lesere og skientusiaster!

Om boken:

Frå dei sunnmørske fjelltoppane ser ein utover eit fantastisk alpelandskap og rett ned i djupe fjordar, og ute ved kystlinja kan ein sjå kveldssola gå ned i Atlanterhavet.

I Sunnmørsalpane sin fasinerande natur finn ein sitt eige, høgst personlege eventyr, utan å måtte stå i kø eller betale mykje pengar for opplevingar i naturen.

Forfattar Stig J. Helset og fotograf Håvard Myklebust har levd i desse fjella heile livet, og det ligg mange års arbeid bak boka Toppturar i Sunnmørsalpane. Har får du grundige ruteskildringar og ruteskisser frå 88 av dei beste toppturane i Sunnmørsalpane innanfor ulike kategoriar: korte og lette, lange og krevjande og bratte og ekstreme.

Boka kvart første gong utgjeven i 2015 og kjem no i ny, oppdatert og utvida utgåve med ei rekkje nye turar og ruteinnteikninger på turkart og oversynsbilete. Drøym deg vekk med boka ein regnvêrsdag – og realiser draumane dine ein skredtrygg sol­skinsdag!


STIG J. HELSET (f.1971 år) er ein ørsting busett i Volda som har klatra og klive, rent og ramla i Sunnmørsalpane sidan far hans tok han med frå han var ein neve stor. Stig har skrive alle ruteskildringar og dessutan teikna inn alle ruter på turkart og oversynsbilete i denne boka. Til dagleg arbeider han som førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda.


HÅVARD MYKLEBUST (f. 1991 år) frå Bjørke bur no i Volda. Fotografen har gått dei aller fleste toppturane som er skildra i denne boka – ustanseleg på jakt etter blinkskotet. Håvard er utdanna ingeniør og arbeider til dagleg i Flexi Tak AS.
Område: Vestlandet
Siste 30 dager
Bøker